Laurdag 30. november inviterer vi til julelunsj på Waterfront.

 

I den forbindelse inviterer vi medlemsfamiliene vår til juleweekend på hotellet, for dei som har lang reiseveg opnar vi for ankomst fredag. 

 

Julelunsjen blir servert kl 13, og etter kvart skjer det årlege julelotteriet. Vi har ein liten ny vri på det i år, og eit samarbeid med hotellet som blir veldig fint. Men det skal vi informere om når det nærmar seg!

 

For at vi skal få ei tilstrekkeleg oversikt på kven som skal overnatte og kven som berre deltek på julelunsjen er det viktig at de fyller ut påmeldingsskjemaet med dei opplysningane vi etterspør. Under deltakarar må de fylle ut namn på alle som er påmeldt for overnatting, og der er ei eiga kolonne for å fylle ut namn på dei som berre deltek på julelunsj. 

 

Eigendel for juleweekend er kr 250 per pers som overnattar, men maks kr 1000 per familie. Merk at eigendelen er inkl lodd til lotteriet. 

Eigendel for julelunsj, dei som ikkje skal overnatte er kr 200 per pers. 

Maks 4 ekstra gjestar per familie på julelunsjen. 

 

MERK: Dersom du ikkje får e-post med kvittering på påmeldinga etter at du har fylt ut og sendt inn, kan det vere at du bør forsøke på nytt via t.d. ein pc. Vi har opplevd at enkelte har hatt problem med påmeldingsskjemaet frå enkelte typar mobiltelefonar. 

Påmeldingsskjema

Del artikkelen på Facebook, Twitter